Avdelingane våre

Kjøkken, vaskeri og treavdeling

Lefsebaking på kjøkkenetKjøkkenet på Aufera er open kvar dag. Her vert det laga lunsj til alle som arbeider på Aufera.  Det vert produsert lefser og kaker for frys, knekkebrød, flatbrød og urteprodukt.  Me prøver å ha eit variert utval av kaker og lefser på frys til ei kvar tid. Om du ynskjer å bestilla ei fersk kake er det ikkje noko problem, berre du gjer oss litt tid til å laga kaka. Treng du rundstykker til møtemat eller berre til klubb, så ordnar me det.

Vaskeriet vaskar klede til institusjonar i eigarkommunane våre. Me vaskar også arbeidstøy og privattøy. Har du ei dyne du vil ha vaska, gjer me det for deg. Aufera har også samarbeid med Renseriet. Det betyr at du kan levere inn tøyet du vil ha rensa til oss og henta der her når det er ferdig rensa.

 

14. mars 2017 Les meir
Arbeid på vaskeriet

Vaskeriet

Vaskeriet er største avdelinga vår. Aufera leiger ut både arbeidstøy og institusjonstøy. Me har kundar over heile Nordhordland som me vaskar arbeidstøy, matter, kjeledressar og mykje anna for. Me har og samarbeid med Renseriet. Det betyr at du som kunde kan levere inn tøy til rensing her hjå oss. Tøy til rensing vert normalt henta måndagar og vert levert tilbake til oss etter ei til to veker. Då kan du henta det ferdige rensa tøyet hjå Aufera.

22. juni 2015 Les meir
Arbeid på treavdeling

Treavdeling/vaktmeistergruppe

Vaktmeistergruppa lagar ulike treprodukt for sal, som notkassar, leveggar, blomekassar, rastebenkar osb. Dei lagar og enkelte betongprodukt. Dei tek på seg vaktmeisteroppdrag som hagestell, rydding av busk osb, forutan å vere vaktmeistrar på vårt eige hus.
 

22. juni 2015 Les meir
Bilete av bilane 2018

Transport

Transportgruppa køyrer ut reine arbeidskle og tøy til bedriftskundane våre, og hentar skittent tøy og matter tilbake til vaskeriet. I tillegg køyrer dei bøker mellom biblioteka i Nordhordland.
 

22. juni 2015 Les meir
Web levert av CustomPublish