Utstilling - båtfunna i Mangersnes

På Mangersnes i Radøy, i ei myr like ved sjøen, er det eit metertjukt lag med trevyrke som har hoggespor: hoggflis, greiner og stokkar. Innimellom dette ligg det både heile og skadde båtdelar og båtutstyr. Treverket må vera avfall frå bygging og reparasjon av båtar. Ei radiologisk datering av treverket gav ca. 200 e.Kr. To keipar er daterte til perioden 30 f.Kr. - 250 e.Kr. og 560 - 670 e.Kr. Dateringane tyder på at det har vore aktivitet her over lengre tid, og stiller funna blant dei eldste båtfunna på Vestlandet.

Utstilling om Båtfunna, finst på Radøy bibliotek. 

Web levert av CustomPublish