Badeplassar

Radøy har mange fine badeplassar, både i ferskvatn og i sjø. Dei som er nemnde nedanfor, vert kontrollerte av mattilsynet.

Toskavegen
Ved Rådhuset på Manger svinger ein mot Toska. Badeplassen passerer ein på høgre side når ein kjører utover. Parkeringsplassar er like ved.

Byngja
Byngja er ein populær badeplass i nordre del av kommunen. Ein kjører nordover mot Bø, og tek av til Marøy. Skilt er sett opp. Parkering er ca 10 min frå badeplassen.

Solheimsvika
Ligg ved Austmarka. Ein kan parkera ved fortballbana,og gangveg ned til badeplassen. Relativt langgrunt og fin sandbotn. Det er toalett på staden.

Nesvatnet ved Radøyhallen
Badeplass i ferskvatn. Det er lagt tilrette for grilling. Det er sandvolleyballbane like ved.
Parkering ved Radøyhallen.
 

Web levert av CustomPublish