Beredskapsprisen 2010

Slik vart det omtala når Radøy kommune fekk pris for arbeidet med beredskap , eit arbeid som held fram i same lei.

"Assisterande fylkesmann Rune Fjeld, var raus med lovorda over Radøy sitt beredskapsarbeid i talen sin. Det var fleire moment fylkesmannen hadde lagt vekt ved tildelinga, m.a. at beredskapsarbeidet har lang tradisjon i Radøy, Radøy har tidleg tatt i bruk ny teknologi i beredskapsarbeidet, delteke aktivt i alle beredskapsøvingar, montert nødstrømaggregat ved alle kritisk viktige einingar i tilfelle straumbrot, tok som ein av dei tidlege kommunane i bruk ROS-kriteriar og nytta desse i kommuneplanarbeidet. I tillegg vart det også vektlagt at beredskapsarbeidet er godt politisk forankra. Dermed heng dette viktige arbeidet saman i denne kommunen, vart det sagt.

Ordførar Jon Askeland er svært kry over utnemninga, og seier raskt at Radøy har særleg beredskapsleiar, Harald Stanghelle, å takka for langvarig solid innsats i arbeidet, - "Harald er arkitekten", seier ordføraren. På den andre sida er ordføraren tydeleg på at han sjølv tek dette på største alvor. Beredskapsarbeidet ”ligg i meg” frå mi tid i prosessindustrien, og beredskap er heilt klart eit kommunalt ansvar. Dette kan, og vil, me ikkje skriva frå oss,- "då må me også ha eit aktivt forhold til det, - beredskap må vera ei haldning", avsluttar Jon Askeland."

Web levert av CustomPublish