digital sykmeling

Prosess digital sjukmelding 2018

Digitale sjukemeldingar frå 15. januar 2018

Dersom ein får sjukemelding av lege (gjeld ikkje sjukehus) frå denne datoen, skal den være digital.

 

TILFELLER DER EIN FRAMLEIS  MÅ  LEVERE SJUKEMELDING PÅ PAPIR:

  • Gjeld sjukemeldinga behandlingsdagar eller reisetilskot, må du framleis få den på papir.
  • Du må og ha sjukemelding på papir dersom du ikkje har adgang til å få BankID eller anna legitimasjon på høgste sikkerhetsnivå

Alle sjukemeldte må ha ein sjukemelding for kvar arbeidsplass dei er sjukemeldt.

  • Sjukmeldte må passe på at legen skriv ei sjukemelding for kvar eining.Eks. Om du er tilsett på velferdssenteret og omsut, så trengs to sjukemeldingar. Arbeider du både på Manger barneskule og Manger SFO , trengs to sjukemeldingar. Har du timelønstilling i tillegg til fastlønsstillng må du også ha to sjukmeldingar.

Sjukemeldte og leiar må ha bankID eller bankID for mobil for å kunne behandle sjukemeldinga digitalt.

Oversikt over prosessen med digital sjukemelding:

  1. LEGE sender digital sjukemelding til Altinn.
  2. LØN mottar melding om ny sjukemelding i Altinn
  3. LØN registrerer næraste overordna til sjukemeldte (på kvar av arbeidsplassane)
  4. LØN registrerer sjukemelding i Visma
  5. LEIAR får melding om at det er registrert ei sjukemelding på nav.no
  6. LEIAR må sjå gjennom sjukemeldinga og starte oppfølgingsarbeidet, sjå https://www.nav.no/no/Bedrift/Oppfolging/Sykmeldt+arbeidstaker/logg-inn-se-dine-sykmeldte--508243
  7. Den sjukmelde melder frå til leiar om sjukefråværet første fråværsdag.
  8. Den SJUKEMELDTE må kontrollere sjukemeldinga. Logg på enten ved å følgje link som vert tilsendt på sms eller e-post eller logg på «Ditt NAV» på nav.no Sjå meir informasjon:
    https://www.nav.no/no/film/digisyfo/send-sykmelding-til-arbeidsgiveren

    Pålogging må gjerast med bank Id eller bank Id på mobil.
    Denne oppgåva tilsvarer tidlegare innlevering av del C av sjukemelding, dvs. her stadfestar den SJUKEMELDTE arbeidsforholdet og informerer arbeidsgivar om sjukemelding.
  9. Ved månadsslutt eller på slutten av sjukemeldingsperioden vil det komme varsel til den sjukemeldte om at det ligg ein søknad klar for innsending. Då den SJUKEMELDTE logge seg inn og svare på søknad om sjukepengar (tidlegare tilsvarande del D på papir). Same type spørsmål som dagens papirdel D.
    -> Hugs at du må trykke på send knappen for at kravet om sjukepengar skal verte sendt.
    -> Dette punktet MÅ utføres for at vi kan søkje refusjon av sjukepengar frå NAV
    Denne oppgåva tilsvaret tidlegare del D av sjukemeldinga, dvs. eigenerklæring og krav om sjukepengar.

  10. LEIAR sjekke at søknad om sjukepengar er riktig utfylt.
    LEIAR vil få en e-post om at ein av deira tilsette har levert søknad om sjukepengar.
    Følg linken i e-posten eller logg inn med bank id og velg LOGG INN – SE DINE SYKMELDTE: https://www.nav.no/no/Bedrift/Oppfolging/Sykmeldt+arbeidstaker .

    Dersom f.eks. ferie er feil, er den digitale løysinga slik at den SJUKEMELDTE kan gå inn og endra på den digitale sjukemeldinga  slik at det vert riktig. Det må du som næraste leiar be dei gjere.

    LEIAR vil få varsel dersom ein av deira tilsette som er sjukemeldte, og som leverer digital sjukemelding, ikkje har levert digital søknad om sjukepengar. Dette for at de skal kunne gje tilbakemelding til dei tilsette om at dei må logge seg inn og sende søknad om sjukepengar.
    ->Ved manglande innsending av søknad om sjukepengar vil refusjonar verte stoppa.
    ->LEIAR har ansvar for å følgje opp at krav om sjukepengar vert sendt inn!

  11. Når perioden for sjukemeldinga er ferdig, vil det kome nytt varsel om å sende inn resterende del av søknad på sjukepengar. Same prosedyre som ved innlevering midt i perioden.

 

Web levert av CustomPublish