Friluftsområde

Radøy kommune har sju statleg sikra friluftsområde, og i tillegg ei rekkje område som eignar seg godt til friluftsliv. 

Seks av dei sju statleg sikra områda vert drifta av Bergen og omland friluftsråd (BOF). Kart og informasjon om dei områda dei driftar finn du på friluftsrådet sine nettsider. I tillegg til områda som vert drifta av BOF, er Klesvika i nordre ende av Nesvatnet statleg sikra. Her er det kommunen som har driftsansvaret. 

Området bak Radøyhallen er også eit godt tilrettelagt friluftsområde med sandvolleyballbane, gapahuk, grillplassar, stupebrett og turveg.

 

Web levert av CustomPublish