Hjelpemiddellager

Hjelpemiddelsentralen har eit overordna og koordinerande ansvar for formidling av tekniske hjelpemidlar til funksjonshemma og tolketeneste for døve og døvblinde. Personar som har varig og vesentlig innskrenka funksjonsevne på grunn av sjukdom, skade eller lyte, kan få stønad til hjelpemidlar frå folketrygda

Korttidslån:
Har ein trong for hjelpemiddel ein kortare periode, kan ein låne det frå kommunen sitt lager for hjelpemidlar.

Langtidslån:
Ved varig trong for hjelpemiddel (over 2 år), søkjer ein hjelpemiddelsentralen i Hordaland om varig utlån på eige søknadskjema, ev med tilleggsskjema.

Utlevering av hjelpemiddel:
Hjelpemiddel som er innvilga vert levert heim til lånetakar.

Tilbakelevering av hjelpemiddel:
Hjelpemiddel som ikkje er i bruk, skal leverast tilbake til hjelpemiddelsentralen(HMS) eller kommunalt lager. Ta kontakt med kontaktperson eller Radøy kommune som avtalar henting/ innlevering av hjelpemiddel.

Reparasjon av hjelpemiddel
Enklare reparasjonar tek vaktmeister i kommunen seg av. Kontakt Radøy kommune. Meir kompliserte reperasjoner og reparasjon av elektromedisinsk utstyr, er hjelpemiddelsentralen sitt ansvar. Ta kontakt med kontaktperson, kommunen eller direkte med HMS.

Akutt trong for reperasjon av hjelpemiddel utlånt frå HMS.
Ta direkte kontakt med HMS for rask reperasjon av hjelpemiddelet.
Dagtid/kvardag kl 08-16 tlf. 53 04 03 00, og kvardagar 16-24 og helger kl 08-24 tlf. 99 20 23 55.

Kontaktar:
Kontaktperson i Radøy kommune er Anne Marie Horpestad Stang Tlf: 56349198 / 95036416, alle dagar unntatt onsdag 8.30 -15.00.

Torill Helland - formidlar hørselshjelpemiddel onsd 09-12 Tlf: 56349198,

Synshjelpemiddel vert formidla av kontaktperson og Synpedagogisk teneste tlf: 55175000.

Hjelpemiddel vert også formidla av dei andre fysioterapeutane i kommunen,
56349099, enklare hjelpemiddel vert også formidla av heimetenesta, 56349191.
Ein kan også kontakte Sørvistorget tlf: 56349000. eller ta direkte kontakt med Hjelpemiddelsentralen i Hordaland, 53 04 03 00.

Web levert av CustomPublish