Kjartan Nyhammer er leiar for felles landbrukskontor til oktober

Kjartan Nyhammer er leiar for felles landbrukskontor til oktober

Kjartan leiar felles landbrukskontor

Kjartan Nyhammer skal i ein periode framover vera leiar i felles landbrukskontor for Radøy, Austrheim og Fedje i 50 prosent stilling. Han held fram som landbrukssjef i Lindås.

Ordninga som  skal i første omgang gjelda fram til 1. oktober. Nyhammer skal ha kontordag to dagar i veka, måndag og torsdag, annankvar måndag i Austrheim og elles i Radøy.

Gler seg stort
- Eg gler meg stort til å jobba for bøndene i Radøy, Austrheim og Fedje, saman med medarbeidarane å på felles landbrukskontor, seier Nyhammer, som i første omgang skal vera leiar fram til 1. oktober.
Han har tidlegare vore landbrukssjef i Radøy, og frå 2001 jobba han i to-tre år som ringleiar i Nordhordland Forsøksring (i dag Norsk Landbruksrådgiving avd Hordaland). Seinare har han vore distriktssjef i Tine fram til han for vel eit år sidan vart landbrukssjef i Lindås.

Rekruttering viktig
Kjartan Nyhammer er oppteken av rekruttering til næringa og utvikling av kvar enkelt gard.
- Det er viktig å få ungdomane med i drifta. Få dei med ut på treffpunkt med yrkesbrør og inn det gode og interessante fagmiljøet og oppleva fellesskapet. Du vert ikkje søkkrik av driva landbruk, men du vert rik på mykje anna. Lat ungdomane oppleva det, seier han. Landbrukssjefen har planar om å blåsa liv att i Radøy/Austrheim Ku- og kaffiklubb til hausten.

Må ha med underskogen
Nyhammer konstaterer at strukturutviklinga går sin gang - om me vil eller ikkje.
- Nokre få kan byggja ut og verta store og høgteknologiske kjøt- og/eller mjølkeprodusentar og leggja under seg nabogardane. Dei står for volumproduksjonen og forsyner matvaregigantane med det dei forlanga. Samstundes er det viktig at me har med oss underskogen, dei små produsentane. Nokre av desse er ein mangesyslar som driv med litt forskjellig og som i sum har laga seg ein arbeidsplass heime på garden. Men langt dei fleste som driv gard kan ikkje leva av garden, men gjer eit prisverdig arbeid på fritid/overtid for å sikra oss pinnakjøtet i panno kvar jul og steller det flotte landskapet som gjer Radøy til «den grøne øya».

Landbrukssjefen konstaterer at lokalmat er populært som aldri før. Her meiner han det ligg eit potensiale for dei som interesserer seg for det. - Men det krev noko anna enn det å berre vera råvareleverandør. Produktutvikling og marknadsføring er sentrale stikkord, seier Kjartan Nyhammer.

 

Web levert av CustomPublish