Grøfting på Soltveit. Foto: Monika Soltveit Gabrielli

Grøfting på Soltveit. Foto: Monika Soltveit Gabrielli

Mykje pengar att til drenering av jordbruksjord i 2016

Det har kome inn få søknader om dreneringstilskot så langt i 2016. Meir enn 1,3 millionar kroner er framleis tilgjengeleg for gardbrukarar som ønskjer å drenere.

I Hordaland er det sett av kr 1 668 000 i tilskot til drenering av jordbruksareal i 2016. Så langt i år er kr 345 000 brukt.  Kommunane har altså brukt berre 20 % av tilskotspengane, og meir enn 1,3 millionar kroner står att til gardbrukarar som ønskjer å drenere. 

For meir informasjon og søknadsskjema, sjå Fylkesmannen sine nettsider

I Radøy kommune er det løpande søknadsfrist. 

Web levert av CustomPublish