Avdelingane

Aufera AS har avdelingar i alle tre eigarkommunane.

Avdeling Austrheim/Fedje - kantina

Aufera driv kantina på rådhuset på Austrheim, og er ein kjær tilkomst for dei tilsette der. Også dei tilsette på kommunehuset på Fedje får tilbod om lunsj frå Aufera. Rett nok berre ein dag for veka i første omgang. Også andre bedrifter på Fedje kan tinga seg lunsj hjå oss.
Bilde av Kantina på Austrheim

Avdeling Radøy

Vaskeriet
Vaskeriet er største avdelinga vår. Aufera leigar ut både arbeidstøy og institusjonstøy. Me har kundar over heile Nordhordland som me vaskar arbeidstøy og anna for.  Også private kan kjøpa tjeneste hjå oss. Me vaskar dyner, putar, båtpresseningar, dukar, gardiner o.a. Utleige av matter har etter kvart vorte ein stor del av drifta.
Me har ledig kapasitet, så dersom du ynskjer våre tjenester: ta kontakt på telefon 55602472
Bilde av Bilder 013
Transporttjenesta
Dette er eit samarbeid mellom biblioteka i Nordhordland og Aufera. Me har ansvar for omfordeling av bøk frå dei ulike biblioteka, og av bøk som kjem frå Bergen. Etter omfordelinga fraktar me dei rundt til dei ulike biblioteka.
Bilde av Lars & Christian
Kjøkkendrift
Kjøkkendrifta på Radøy har no fått større og betre plass. Lefseproduksjonen er i gang. Dette har den korte tida me har vore i gang vore ein stor suksess. Så langt har etterspurnaden vore mykje større enn me har kunna dekka. Også anna bakst vert produsert i det nye kjøkkenet. Bilde av Bilder 001
Vaktmeistergruppa

Vaktmeistergruppa vår tek på seg små og store oppdrag. Av oppdrag me har/har hatt kan me nemna stell av hagar, montering av rekkverk, reperasjon av smijern, ulike vaktmeisteroppdrag, ryddeoppdrag m.m.

Bilde av Bilder 048

























Tre gode representantar frå Aufera på Torgdag i Hillesvågen. Både Auferabenkar, rastebenkar og lefser av ulike sortar gjekk som "varmt kveitebrød".

Bilde av Div.benk, Torgdag, tur 002