Psykisk helse

Tenesta er retta mot heimebuande med psykiske lidingar.

Det kan vere støttesamtaler, hjelp til å kome i gong med aktivitet, råd og rettleiing, informasjon til pårørande, hjelp til medisinhandtering med meir. Søkjaren kan ha rett på individuell plan, dersom det vert avdekka behov for langvarige koordinerte tenester. Dei som får tilbod om psykisk helseteneste får tildelt ein hovudkontakt.

Opningstid er: 08.30-15.00

Ved behov for akutt hjelp på kveldstid/helg: Ta kontakt med Nordhordland legevakt: 116117

Tilbod:

  •   Støttesamtalar
  •   Bistand i bustad
  •   Hjelp til administrering av medisinar, i samarbeid med fastlege
  •   Sosial trening
  •   Hjelp ved kriser
  •   Støtte til pårørande
  •   Omsorgsbustader
  •   Støttekontaktar
  •   Rusomsorg
  •  Oppretting av ansvarsgruppe  eller  Individuell plan                                                                                                                                                                                    

Dei tilsette i psykisk helse arbeider i tverrfagleg team og har ulik arbeidserfaring og utdanning.Dei tilsette har teieplikt. Psykisk helse vil etter samtykke frå brukar samarbeide med andre aktuelle instansar. Vi ber alltid om samtykke til å samarbeida med fastlege.

Søknad kan sendast av  fastlege, sjukehus, DPS eller direkte frå brukar.
 

Eininga psykisk helse tilhøyrer sektor helse og omsorg. Einingsleiar er Marita Årseth.
 


 

Web levert av CustomPublish