Radøy arbeidssenter

Radøy arbeidssenter er eit tiltak for personar som ikkje kan delta i den ordinære arbeidsmarknaden og som fell utanfor ulike arbeidstiltak i regi av NAV.

Arbeidssenteret driv kombinert kafé og kantine i samme bygg som Radøy Matsørvis. Kafeen er open for alle. Opningstider er mandag-fredag 09.00 - 15.00. Inngang via gamle hovudinngangen til Velferdsenteret. Kafeen vil framleis ha frosne kaker for salg

Utegruppa har ansvar for rydding og planting i Manger sentrum. Denne gruppa driv også med stell av legatgravene i Radøy.I tillegg driv ein med produksjon av ved som ein har for salg.

Telefon Kafe/kantine 56 34 90 72 Utegruppe 400 38 474

Radøy arbeidssenter har ei avdeling kalla "aktivitetsgruppa". Dei driv med ulike aktivitetar som til dømes; makulering,musikk,data opplæring, basseng og anna vedlikehaldstrening.

Web levert av CustomPublish