Radøy interkommunale busenter

Helse Bergen skreiv i løpet av hausten 2008 ut pasientar som har vore innlagt i psykiatriske institusjonar over lang tid, med tanke på at dei skal få komme tilbake til eigen kommune og få sin eigen bustad. Kommunane i Nordhordlandsområdet er relativt små, og har derfor valt å samarbeide om eit busenter.

Dei som i dag samarbeider om dette tiltaket er Osterøy kommune, Vik kommune, Bergen kommune og Radøy kommune. Radøy er vertskommune og for leiing, drift og har også arbeidsgjevaransvar for tiltaket.

Busenteret ligg sentralt på Manger. Radøy kommune leiger ein fløy av bygget som før var gamle Radøy sjukeheim, som Helse Bergen eig. Bebuarane har kvar si leilegheit med kjøkkenkrok og bad. I tillegg er det 2 fellesstover, 2 felleskjøkken og felles vaskerom til disposisjon for bebuarane.

Vi har tilsett husmor, som er kokk og lager mat på busenteret. Dette er for å skape eit heimekoseleg miljø og hjelpe bebuarane til å trene på huslege sysler.

I tillegg har vi valt å innføra medlevarturnus, som betyr at delar av personalet jobbar i periodar på 2 og 3 døgn i strekk. Bebuarane opplever soleis eit miljø som gjev mindre assosiasjonar til institusjon, og som liknar meir ein heim, ved at dei tilsette bur der, lagar og har måltid saman, følgjer opp aktivitetar og søv der i den perioden ein er på arbeid.

Web levert av CustomPublish