Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Den nasjonale ordninga for reduksjon i foreldrebetalinga er regulert i forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Betalinga skal bereknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Sjølvmeldinga(ne) skal leggjast ved søknadane, og det blir som hovudregel søkt for eit år om gangen. Då vil husstandar med samla hustandsinntekt under kr 500 500 ha rett til redusert foreldrebetaling.

Alle 3-, 4- og 5-åringar, og born med utsatt skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå og med 1. august 2017 gjeld dette for hushaldningar som har ei samla inntekt som er lågare enn 450 000 kroner per år.

Elektronisk søknadsskjema for redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid

Meir informasjon om foreldrebetaling

Web levert av CustomPublish