Regionalt samarbeid

Kommunane i Nordhordland har eit omfattande regionalt samarbeid innanfor mange fagfelt. Samarbeidet er viktig for å kunna levera gode tenester til inbyggjarar og besøkjande, og for å setja nordhordlandskommunane på kartet.

Region Nordhordland - Nordhordland IKS
Radøy kommune er med i Nordhordland Utviklingsselskap IKS, som er eigd av  Meland, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen, Osterøy, Modalen og Lindås, i tillegg til Radøy. Samarbeidsorganet er kommunane sitt verkty for felles innsats på fleire store område. Utviklingsselskapet har merkenamnet Region Nordhordland, og er knytt opp til det strategiske organet.

Interkommunalt samarbeid
Kommunane i Nordhordland har eit omfattande samarbeid innanfor mange fagfelt. Samarbeidet manifisterer seg på mange ulike måtar; t.d. gjennom interkommunale selskap, akskjeselskap, kjøp av tenester mellom kommunane og fagleg samarbeid.

Nokre av dei interkommunale samarbeida Radøy er med i:

  • NGIR (renovasjonsselskap for Nordhordland og Gulen)
  • IKT Nordhordland (leverer IKT-tenester til nordhordlandskommunane)
  • Landbrukskontoret for Radøy, Austrheim og Fedje
  • Nordhordland legevakt
  • Aufera (Vekstbedrift organisert som aksjeselskap. Verksemda er eigd av Austrheim, Fedje og Radøy kommunar).
  • Nordhordland digitalt (Samarbeidet innan dei kommunale saksområda geodata (stadfest informasjon), plan- og byggesak).
     
Web levert av CustomPublish