For fast tilsette i skule og barnehage i Radøy som ønskjer permisjon, endering,

Søknad endring, hospitering, permisjon ALLE tilsette ved skular og barnehagar 2018/2019

Frist for å søkja om :  

  • overføring til annan arbeidsstad 
  • endring av stillingsstorleik
  • permisjon (heil eller delvis)
  • hospitering

er  5/3  2018

Bruk skjema som du finn på intranett eller får på din avdeling.

Permisjonar
Permisjonar for å møta nye kompetansekrav i skulen vert prioritert.

Velferdspermisjonar som varar lenge og som set avdelinga i vanskar med å skaffe kompetanse i vikariat, vil kunne bli avslått på grunn av driftsituajsonen. Ved avslag må arbeidstakar vurdere om ein vil sei opp deler av sin stilling eller arbeide den stillingsstorleiken som tilsetjingsforholdet inneber. Leiar vil avgjere og sakshandsame permijonar i 1/1 og deltid.

Hospitering og endring
Arbeidsgjevar vil oppmode om at arbeidstakarar som ønskjer det søker nye utfordringar ved å bytte arbeidsplass. Dette kan gje god erfaringsutveksling og ny inspirasjon når ein får og tilfører ny kunnskap i eit nytt arbeidsmiljø. Forandring frydar !!

Kommunen ønskjer å leggja til rette for at tilsette som ønskjer å hospitere, får høve til det. Hospitering tyder at den tilsette byter arbeidsstad for ein periode (eitt år, med mogleg forlenging). Ein som hospiterer er såleis sikra retrett til den opphavlege arbeidsplassen.

Bruk vedlagte skjema som du sender til din leiar innan fristen 5/3 2018.

Leiar gjer sine vurderingar og anbefalingar før søknad vert handsama på rådmannsnivået.

Svar på søknadane vert gjeve fortløpande, men ein del av svara vil ikkje kunne bli gjeve før eit stykke ut i juni.

Rådmannen ber om at einingsleiar ser til at tilsette i permisjon får kopi av meldinga.

Web levert av CustomPublish