Sømjehallen


Sømjebassenget er 25 meter langt og 12,5 meter breitt, med ei djupna på 1,8 meter. På det grunnaste er bassenget 0,9 meter. Vatnet held komfortable 28 gradar, og bidrar til ei behageleg symjeoppleving. På bassengkanten finn ein serviceinnstilte badevaktar som vil kunna hjelpa med dei fleste spørsmål som du måtte ha. Badeleikar av ulike slag, flytebrett, baderingar og andre flyteinnretningar er fritt tilgjengelig for dei som måtte ynskja det. Urverk for symjing på tid kan nyttast.

Bassenga er feriestengd i juni, juli og august.

Opningstider i bassenget 4. september-31.mai:

Tysdag 17.30-19.30 For alle
  19.30-22.00 For vaksne (over 16 år)
Torsdag 17.30-19.30 For alle
  19.30-22.00 For vaksne (over 16 år)
Fredag 17.30-19.30 For alle
  19.30-22.00 For vaksne (over 16 år)
Lørdag 10.30-14.30 For alle
Sjølvbetening
Web levert av CustomPublish