Utsikt frå Holeåsen

Utsikt frå Holeåsen

Ta omsyn til naturen - nokre enkle retningsliner

Fuglesang, den reine lufta, sjansen for eit møte med ein hjort eller beveren sine flotte hus er alle opplevingar som er viktige for friluftslivet. For å ta vare på opplevinga av naturen og beskytte dyr, fuglar og anna som lever i skog og mark, må en vise omsyn til naturen. Det er difor viktig å følgje nokre enkle reglar når ein er på tur.

Ta med bosset heim

Det er viktig for dei andre som skal gå på tur at det ikkje ligg boss alle plasser. Boss som flasker, snorer, plast og papir kan og være farleg for dei som lever i skogen. Salamandrar og frosker kan fangast, som i den rusa eller den cola boksen vi slang frå oss. Dyr og fuglar kan ete eller vikle seg inn i plast og snorer, skade seg eller i verste fall dø.

Hekketid og yngleperiodar
Særleg om våren er det viktig å vise omsyn til fugler og vilt når dei har små. Holde seg til stier og unngå og gå nærare om man ser eller høyrer vilt. Dei små kan ikkje løpe så fort og ei kolle som vert stressa kan skremmast frå kalven sin. Fugleunger er òg utsatt om våren og kjem man over eit reir eller nokon søte små trostunger så la dei vere. Mor og far er aldri langt unna og hjelper dei små best sjølv.

Hald hunden i band
Den ordinære bandtvangen er frå 1. april til 20. august og gjeld både inn- og utmark. Først og fremst er båndtvang laga for å verne viltet og buskapen, men andre turgåere kan og synes det er kjekt om du har hunden i band. I Radøy kommune er det utvida båndtvang frå 15. mars til 1. desember. Hundar skal og haldast i band heile året i visse område (sjå lokal forskrift).

Trygg bålbrenning
Det er forbod mot å tenne bål i skog og mark frå 15. april t.o.m 15. september. Det er viktig å alltid nytte sunt fornuft når ein fyrer bål. Ein bør tenke over kor ein fyrer bål, vindtilhøve, avstand til brennbar skog, underlag og korleis ein skal slukke bålet om noko går gale. Finst det bålplassar, bruk dei. Det er og viktig å ikkje skade trea når ein sankar ved. Bruk tørre greiner frå bakken.

Web levert av CustomPublish