Arbeid på treavdeling

Arbeid på treavdeling

Treavdeling/vaktmeistergruppe

Vaktmeistergruppa lagar ulike treprodukt for sal, som notkassar, leveggar, blomekassar, rastebenkar osb. Dei lagar og enkelte betongprodukt. Dei tek på seg vaktmeisteroppdrag som hagestell, rydding av busk osb, forutan å vere vaktmeistrar på vårt eige hus.
 

Treavdeling/vaktmeistergruppa har ein svært variert arbeidsdag med mange ulike arbeidsoppgåver. Her får alle grundig opplæring i tryggleiksreglar for alle maskiner og verktøy før ein får lov å nytte dei. Ein dag bygger me kanskje postkassestativ, ein annan dag ryddar me i hagen til naboen din eller reparerer noko på Auferahuset. Her er det behov for å vere både nøyaktig og kreativ - her får du utfordringar på det!

Web levert av CustomPublish