Arbeid på vaskeriet

Arbeid på vaskeriet

Vaskeriet

Vaskeriet er største avdelinga vår. Me vaskar både for private og firma. Aufera leiger ut både arbeidstøy og institusjonstøy. Me har kundar over heile Nordhordland som me vaskar arbeidstøy, matter, kjeledressar og mykje anna for. 

Arbeidsoppgåvene på vaskeriet er blant anna å brette, sortere, vege og pakke tøy, rulle og stryke tøy, programmere maskiner og skrive pakksetlar, henge opp og reparere tøy. Varierte og greie arbeidsoppgåver der ein kan lære litt etter kvart. Me jobbar både på "urein sone" der me nyttar tryggingsutstyr, og på "rein sone" der me har strenge reglar for hygiene. På vaskeriet har me det kjekt og sosialt medan me arbeider, med tid for å prate litt i mellom slaga.

Prisliste for privatpersonar finn du under fana produkt og tenester.

Web levert av CustomPublish