Straumstadvatnet i Austrheim. Foto: Kjersti Isdal.

Straumstadvatnet i Austrheim. Foto: Kjersti Isdal. Kjersti Isdal

Vassregion Nordhordland

Det pågår i desse dagar arbeid med vassforvaltning i heile landet, i samsvar med EU sitt nye vassdirektiv. Hordaland er delt inn i fem vassområde. Vassområde Nordhordland omfattar Meland, Radøy, Fedje, Austrheim, Masfjorden og deler av Lindås og Gulen.

Arbeidet omfattar alt vatn vi omgjev oss med, kystvatn, elvevatn, innsjøar og grunnvatn. Alle vassførekomstar er kartlagt og gitt ein tilstand. Der det er dårleg tilstand på vatnet vert det foreslått tiltak. I løpet av 2014 skal det lagast eit forvaltningsprogram for vatn i Hordaland.

Prosjektleiar for vassområde Nordhordland er Kjersti Isdal. Ho er tilsett i Radøy kommune.

Web levert av CustomPublish