Radøy Velferdssenter

Radøy Velferdssenter er sjukeheimen på Radøy, og ligg sentralt plassert i Manger sentrum.

Bygget vart oppført i 1993 og teken i bruk same år. I 2009 sto eit lenge planlagt påbygg ved Radøy Velferdssenter klart for innflytting. Samstundes som det nye påbygget ved Radøy Velferdssenter vart tatt i bruk, stengde dørene ved Hordabøheimen aldersheim for godt.

Sidan 2009 har Radøy Velferdssenter hatt 42 sengeplassar fordelt på doble og enkle rom. I tråd med samhandlingreformen frå jan 2012, er det no fleire som har god nytte av opphald ved sjukeheimen etter eit sjukehusopphald.

Radøy Velferdssenter har 4 avdelingar, to av avdelingane er tilrettelagde for demente pasientar. I 2012 fekk me ein flott sansehage mellom dementavdelingane. Hagen er til stor glede både sumar og vinter. I tillegg til ein rekkje aktiviteter i sjukeheimen, er frivillighetssentralen ein nær samarbeidspartnar. Kvar onsdag er dei på plass med dans, musikk og song. Eit høgdepunkt i veka for bebuarane.

Institusjonen har kring 75 tilsette fordelt på 42,5 årsverk. Vi har tilsynslege i 50% stilling.

Maten vert servert frå kommunalt kjøkken - Radøy Matsørvis.

Sjukeheimen har eige vaskeri for vask av private klede.

Personalet deltek i demensomsorgas ABC, prosjekt for sikker legemiddelhandtering, nettverk for palliasjon samt nettverk for elektronisk meldingsutveksling. Vi nytter LCP (Liverpool care pathway) i omsorg  ved livetsslutt.

Det er utarbeida informasjonsskriv om opphald ved Radøy Velferdssenter.

Eininga Radøy Velferdssenter tilhøyrer sektor helse og omsorg. Einingsleiar er Anne Berge Brattetaule.

Web levert av CustomPublish