Kven er Aufera?

Aufera AS er ei vekstbedrift som skal leggje til rette arbeidsplassar for alle personar som har ei restarbeidsevne, uansett årsak til yrkeshemming. Vårt arbeid er kjenneteikna av verdiane Trivsel – Kvalitet i alt me gjer – Mot.

Aufera AS er eit aksjeselskap som er eigd av kommunane Austrheim, Fedje og Alver. Me starta opp 1. januar 2006.

Aufera skal gjennom fagleg kompetanse, kombinert med eit medvite fokus på arbeidstakarane tilby tenester med ein kvalitet som gjev oss godt omdømme i lokalmiljøet. Me jobbar i tråd med kravspesifikasjonane til NAV som gjeld tiltaksarrangørar, og me er sertifisert i tåd med kvalitetssikringssystemet Equass – ein europeisk standard for å sikre kvaliteten til leverandørar av velferdstenester gjennom ekstern revisjon.

Me tilbyr ulike tiltaksplassar.

Varig tilrettelagt arbeid; Arbeidsplass for deg som har uførepensjon frå NAV, men som har ei restarbeidsevne som kan nyttast ved god tilrettelegging og opplæring.

Arbeidspraksis for vidaregåande elevar; Arbeidspraksis for deg som går i vidaregåande med tilrettelagt opplæring, og som treng å lære meir om arbeidslivet når det gjeld arbeidslivsreglar og konkrete arbeidsoppgåver.

Kommunale plassar; Arbeidsplass for deg som fell utanom andre ordningar og rettar, men kommunen din ønskjer å leggja til rette for at du får jobbe.

For varig tilrettelagt arbeidsplass må du søkje på NAV om å få jobbe på Aufera.

For arbeidspraksis for vidaregåande elevar, språkpraksisplass eller kommunal plass, kan du/skulen/kommunen ta kontakt direkte med Aufera.

Kva kan du som skal jobbe hjå oss forvente deg?

Vanlegvis vert du først kalla inn til eit orienteringsmøte. Der vil du få vite meir om Aufera, kunne spørje om det du lurar på, få ei omvisning på dei ulike avdelingane og treffe framtidige kollegaer.

Første arbeidsdag startar med eit møte med dagleg leiar, der de går gjennom personalhandbok, arbeidsavtale, teieplikt og mykje anna. Deretter blir du tatt i mot av arbeidsleiar som viser deg garderobeskåpet ditt, brann- og tryggleiksreglar, kor du finn arbeidsklede osb. So startar dagen din på avdelinga. Du vil få god opplæring av arbeidsleiar og kollegaer. Du startar med nokre oppgåver og aukar på etter kvart som du lærer meir.

Etter 3-4 veker sit du deg ned med arbeidsleiar og lagar ein individuell plan. Det blir din plan over kva du skal få ut av å jobbe på Aufera – kva du vil lære, korleis du skal jobbe med det osb. Den skal de gå gjennom og oppdatere minst ein gong i året. (Om du er skuleelev, får me denne planen frå skulen din). Du og arbeidsleiar vert samde om kva du skal jobbe vidare med, og kva du treng hjelp frå arbeidsleiar til å jobbe vidare med. Her diskuterer de om du har trong for spesiell tilrettelegging av arbeidet for at du skal klare det.

Ein gong i året har me medarbeidarsamtale og skriv ein rapport som me sender til NAV. Rapportar og liknande skal du sjølvsagt alltid gå gjennom og være kjent med før me sender dei til nokon andre.

På Aufera er me opptatt av at me saman skal skape ein god arbeidsplass, og dei smarte måtane å jobbe på. Alle kan be om samtale med dagleg leiar/arbeidsleiar om ein ønskjer det. Du kan kome med endrings- og forbetringsforslag i forslagskassa, skrive avviksmeldingar eller ta opp saker i personalmøta.

Me har ulike sosiale tilskipningar utanom arbeidstid i løpet av året. Dette kan være blåtur, julebord, fotturar eller tilskipningar i lag med dei andre vekstbedriftene i Nordhordland.