Treavdeling

Treavdelinga lagar ulike treprodukt for sal. Dette kan være blomekassar, rastebenkar, hagebenkar, hus til robotklipparar og mykje anna.

Treavdelinga tek og på seg «vaktmesteroppdrag» som kan være hagestell, rydding, køyring av boss og liknande.

Ta direkte kontakt med treavdelinga på tlf. 56 97 88 92 eller på e-post til roy@aufera.no.

På treavdelinga har me svært varierte arbeidsdagar der ingen dag er lik. Me prøver ut nye ideear til nye produkt og likar travle dagar med nye utfordringar. 

Ein dag byggjer me postkassestativ, neste dag ryddar me i hagen til naboen.

Alle som arbeider på treavdelinga får grundig opplæring i tryggleiksreglar for bruk av alle maskiner og verkty før ein får lov å nytta dei.

Hjå oss er det naudsynt å være både nøyaktig og kreativ, og me får daglege utfordringar på det.