Om Oss

Aufera AS er eit aksjeselskap eigd av kommunane Austrheim, Fedje og Radøy. Me starta opp 01.01.06. med avdelingar på Austrheim og Radøy. Januar 2007 fekk me og ei lita avdeling på Fedje.

Verksemda vår skal gje arbeidstilbod til yrkeshemma personar. Aufera AS har pr. i dag 15 godkjende Vta-plassar og 5 Aps-plassar.

Radøyavdelinga held til i det gamle "Kystmatbygget" på Manger.

Føremålet vårt er å tilretteleggja arbeidsplassar for alle personar som har ei restarbeidsevne, unasett årsak til yrkeshemming. Personar busett i Austrheim, Fedje og Radøy kan få tilbod om tiltak på VTA plassana våre. På APS plassane våre kan og personar frå andre kommunar få plass.

”Aufera skal gjennom høg fagleg kompetanse kombinert med eit medvite fokus på arbeidstakarane, tilby tenester med ein kvalitet som gjer oss godt omdømme i lokalmiljøet."

Siste året har me kursa oss litt i m.a. kosthald, brannrutiner m.m. Me har også starta "Titrimmen". Kvar dag klokka ti er det stopp i arbeidet og fokus vert  trimming til musikk og latter ei lita stund. Dette er eit tiltak me er stolt over og glad for at har fått til.

Bilde av Brannøving 09Bilde av Leif Slukker Brann
Her er nokre av Auferafolka "evakuert" etter øvinga me          Leif øver seg på slukking av brann.
hadde under den nasjonale brannvernveka.



Vår visjon:
Me skal utvikla oss vidare gjennom ein meiningsfull kvardag, med tilpassa arbeidsoppgåver og auka meistringskjensla.

Vårt arbeid kjennetegnast av verdiane Trivsel - Kvalitet i alt me gjer - Mot.

Trivsel:
Trivsel er ein føresetnad for å kunne utvikla oss og vekse.
Me ynskjer å ha det kjekt saman på arbeid og kunne glede oss til å gå på jobb.
For å oppnå dette er det viktig at me viser respekt for kvarandre og aksepterer at me er forskjellige. Me har óg respekt for arbeidsplassen, utstyret vårt og kundane våre.
Me er positive til kvarandre og nye utfordringar. Frå at vi seier god morgon og “ser kvarandre”, til at me er positive i kontakt med kundar og samarbeidspartnarar.
Gjennom å sjå kvarandre i eit positivt lys og ha fokus på kva me kan gjera for at andre skal kjenna seg bra, ynskjer me at alle skal kjenna seg trygg. Då kan me og utfalda oss og gjere nytte av alle dei ressursane kvar enkelt av oss har.
Trivsel er smittsamt. Høg trivsel vil føre til at vår positivitet vil smitta over på omgivingane våre.
Kvalitet i alt me gjer:
Me skal levera rett produkt og teneste til rett stad og til rett tid.
Me skal ha god kvalitet på oppfølging og rettleiing av arbeidstakarane.
Mot:
Me skal ha mot til å møta nye utfordringar og prøva nye ting. Me tør å by på oss sjølve, tør å stå for noko, og ta eit val. Me har mot til å vera medmenneske og inkludera andre.
Dette inneber og at me finn gode løysingar innanfor dei rammene og  verkemidlane me har. Slik kan me møta krav frå arbeidstakarane, frå kundane og samarbeidspartnarane våre.
 

Ris og ros

I Aufera er me oppteken av  kontinuerleg å verta betre. For å oppnå dette er me avhengige av tilbakemeldingar frå kundar. Me ynskjer derfor å motta tilbakemeldingar både av positiv og negativ art. Om de ynskjer å klaga på noko er det mogleg å kontakta oss gjennom linken nedanfor.

 
Klage og kontaktskjema

EQUASS

NAV krev at tiltaksarrangørar skal ha eit godkjend kvalitetssikringssystem. Dette må vera på plass innan utgangen av 2011 for å kunna forsetja drift. Dei fleiste veksverksemder har valgt det europeiske kvalitetssikrinssystemet EQUASS (European Quality In Social Services). Me har arbeidd svært iherdig siste året, og 28.11.2011 kom gladmeldinga om at me hadde klart krava som vert stilt.

Me er svært stolte over å ha blitt godkjend som sertifisert EQUASS verksemd. Dette visar at me har gjort noko rett, og me har fokus på i fremtida å verta enda betre.