På treavdelinga vår vert det produsert eigne varer for sal, men og produkt på oppdrag frå både næringsliv og private. Arbeidsrettleiaren vår er utdanna tømrar, og dei VTA-tilsette på avdelinga har god erfaring med trearbeid og opererer dei fleste maskinane.
Me freistar å utvikle nye produkt for sal, og då alltid med berekraft og miljø i tankane, og handlar utstyr og material frå lokale aktørar i nærmiljøet.
I tillegg til å produsere både mellom anna postkassestativ, ventekors og rastebenkar, utfører me andre tenester og. Me har gravstell i regionen, samt at me kan stå for hagerydding og bistå med andre praktiske oppgåver om nausynt.
Me er stolte av produkta me lager, og kvart einaste produkt er gjennomgått med argusauge for å sikre kvalitet.