Dette er den største avdelinga vi har, og vi betjener både kommunale og private kundar. Vi har fleire arbeidsrettleiarar på vaskeriet. Kvar dag vaskar vi uniformer, kjeledressar, mopper, mattar og sengetøy. Fire dagar i veka leverer ein tilsett og sjåføren dette rundt i Nordhordland, og nedslagsfeltet er stort, frå Mjåtveit til Fedje. På vaskeriet har me ulike soner, både “urein” og “rein” sone, og me har strenge reglar for hygiene, for at me skal kunne innfri dei krava som vert stilt til oss for at vi skal kunne levere til helsetenestene. Skittent tøy kjem inn på urein sone, går i barriere-maskiner og vidare inn i tørketrommel eller på tørkerom, før det blir hengt opp, sortert og anten rulla eller stryke, før det blir bretta og vegd. I tillegg skal vi skrive pakksetlar, sortere og stable før det skal leverast tilbake til kunden. Hos oss kan du som privatkunde mellom anna få vaska dyner og puter, dunjakker og gardiner, samt rulla duker, om du treng det.