Om oss
Vi er ei vekstbedrift som leggje til rette arbeidsplassar for alle personar som har ei restabeidsevne, utansett årsak til yrkeshemning.

Aufera vart stifta i 2005 og er eigd av kommunane Austrheim, Fedje og Alver.
Vi heldt til i lyse, trivelege og moderne lokaler i hjartet av Manger, like ved butikkar, busstopp, skule og sjukeheim.

På Aufera er vi for tida 26 tilsette i store og mindre stillingar, og vi har både VTA-plassar, kommunale plassar, arbeidspraksis for vidaregåande skule og ordinært tilsette.

VTA står for varig tilrettelagt arbeid og er eit tiltak for deg som har uføretrygd, eller som nett har søkt om uføretrygd, og du fell utanfor det ordinære arbeidsfellesskapet. Er du tilsett hjå oss, er du del av eit fellesskap der vi utviklar arbeidsevna di, du vil oppleve meistring og du har ei viktig rolle i lag med dei andre som jobbar her. Du utviklar både ressursane og erfaringane dine.

Her på Aufera har vi tre avdelingar, og felles for alle er at vi leverer tenester av høg kvalitet, og kvar avdeling bidreg til dei felles verdiane våre: Trivsel, kvalitet i alt me gjer, mot og respekt

Aufera si visjon er at me skal utvikle oss gjennom ei meiningsfull kvardag med tilpassa arbeidsoppgåver og auke meistringskjensla.

Kva vi arbeider etter

Våre verdiar

Trivsel
Me ynskjer å ha det kjekt saman på jobb, og vi gler oss til å gå på jobb kvar dag. Me aksepterer at alle er ulike, og vi tar vare på utstyret vårt, kundane våre og kvarandre. Me er positive til både nye utfordringar og til kvarandre.
Kvalitet i alt me gjer
Målet er at me skal levere rett produkt og teneste til rett stad og til rett tid. Kvaliteten i det me gjer skal gjenspeilast i alle arbeidsprosessane.
Mot
Me skal ha mot til å møte nye utfordringar og prøve nye ting, me skal tørre å by på oss sjølve, tørre å stå for noko og ta eit val. Me har mot til å vere medmenneske og inkludere andre.
Respekt
Me skal ha respekt for kvarandre, for reglar og avtalar, me skal ha respekt for kundane våre og me skal ha respekt for miljøet og materielle ting.
Vil du bli ein del av fellesskapet vårt?
Vi hjelper deg å finne moglegheiter som passar dine behov og styrker. Saman skapar vi arbeidsglede!
Kontakt oss i dag