Karriere

Arbeidsmoglegheiter

VTA

Aufera ein arbeidsplass for deg som har uføretrygd frå NAV, men har ei restarbeidsevne som kan nyttast ved god tilrettelegging og opplæring. Du må ha eit ynskje om å vere tilknytta eit arbeidsmiljø, og å utføre ein jobb. Du vil få ein arbeidskontrakt på lik linje med andre arbeidstakarar etter arbeidsmiljølova.

Om du vert tilsett i VTA, så er dette ikkje tidsbegrensa. I samråd med arbeidsrettleiaren din og NAV skal me jamleg vurdere om det kan vere aktuelt med andre arbeidsretta tiltak, vidare utdanning eller kanskje ordinært arbeide. Du kan anten ta kontakt med NAV, eller kome innom oss i Idrettsvegen, så skal vi gje deg ei lita omvisning i lokala våre.

Arbeidsutprøving frå vidaregåande skuler

Aufera har avtale med Vestland Fylkeskommune om arbeidspraksis for elevar i vidaregåande skule, og denne avtalen vert fornya kvart år. Arbeidspraksis er for deg som går i vidaregåande skule med tilrettelagt opplæring, som treng lære meir om arbeidslivet når det gjeldt både arbeidslivsreglar og konkrete arbeidsoppgåver. Det bør vere eit realistisk mål at du som elev skal kunne gå ut i varig tilrettelagt arbeide etter videregåande skule.

Du vil følgje skuleruta i praksisperioden din. Aufera vil gje oppfølgjing etter den individuelle opplæringsplanen din, og vil evaluere praksisperioden i ein rapport. Det er skulen din som tar kontakt med Aufera for å søke plass for deg, og vi inngår ein skriftleg avtale med skulen din i forkant av oppstart.

Kommunal plass

Om du fell utanfor andre ordningar og rettar men framleis treng og ynskjer å jobbe, så kan kommunen din leggje til rette for det, og søkje ein kommunal plass hjå oss.

Kva kan du forvente som tilsett hos oss?

  • 01

    Fyrste steg i tilsetjinga

    Før du blir offisielt tilsett hos Aufera, vil du bli invitert til eit orienteringsmøte. Her får du informasjon om Aufera, høve til å stille spørsmål, ein omvising på dei ulike avdelingane, og møte dine framtidige kollegaer.

    Fyrste arbeidsdag startar med eit møte med dagleg leiar, der de går gjennom personalhandbok, arbeidsavtale, teieplikt og andre viktige tema. Deretter blir du møtt av ein arbeidsleiar som viser deg garderoben, der du får eige garderobeskap. Saman finn de arbeidskle du skal bruke på avdelinga, før de går inn og du får starte arbeidsdagen. Du vil få grundig opplæring av arbeidsleiarar og kollegaer, og vi byrjar med enkle oppgåver og så aukar vanskegraden etterkvart som du vert tryggare og lærer meir.

  • 02

    Individuell plan og oppfølging

    Etter 3-4 veker vil du sette deg ned med arbeidsleiar for å lage ein individuell plan. Denne planen beskriv kva du ønskjer å oppnå i jobben hos oss – kva du vil lære, korleis du skal jobbe mot måla dine, og kva støttebehov du har. Planen vert oppdatert årlig, og om du er skuleelev, vil denne planen kome frå skulen din. Saman med arbeidsleiar vil de bli einige om vidare arbeidsmål, om ein skal prøve å hospitere i ein ordinær bedrift, og kva som trengs for å lukkast.

  • 03

    Medarbeidarsamtale og rapportering

    Vi har to medarbeidarsamtaler i året, og ein gong i året vert det sendt ein statusrapport til NAV, som du og arbeidsleiaren din lagar ilag. Du vil alltid få gjennomgå og godkjenne rapporten før den vert sendt vidare.

  • 04

    Ein god arbeidsplass for alle

    Hos Aufera er vi opptatt av at vi saman skal skape ein god arbeidsplass. Alle tilsette kan be om samtale med dagleg leiar eller arbeidsleiar om ønskjeleg. Du kan òg kome med forslag til forbetringar via forslagskassa, avviksmeldingar eller i personalmøta.

Sosiale aktivitetar

Vi arrangerer òg ulike sosiale aktivitetar utanom arbeidstid, blant anna dei som nevnes her.

Bli ein del av vårt team og vere med på å skape ein inkluderandre og utviklande arbeidsplass!

  • Blåtur

  • Julebord

  • Fotturar

  • Arrangementer saman med andre vekstbedriftar i Nordhordland

Vil du bli ein del av fellesskapet vårt?
Vi hjelper deg å finne moglegheiter som passar dine behov og styrker. Saman skapar vi arbeidsglede!
Kontakt oss i dag